Asbestsanering og fjerning av eternitt
Trygg utvendig asbestsanering – frå gammalt eternittak til nytt ferdig tak
Hyllestad Bygg AS har tillatelse frå Arbeidstilsynet til utvendig arbeid med asbest. Vi utfører sanering og fjerning av eternitt og andre asbesthaldige materiale på tak og fasadar for private, landbruk, næringsliv og offentlege kundar. Som tømrarfirma kan vi også utføre arbeidet vidare etter saneringa. Du kan dermed få fjerning av gammalt eternittak og nytt tak frå same firma.
Kontakt oss om synfaring og pristilbod
Skal du skifte eit gammalt eternittak?
Eternitt vart mykje brukt på eldre bustader, garasjar, løer, driftsbygningar og næringsbygg. Platene kan innehalde asbest, og ved riving eller skade kan helsefarlege asbestfiber bli frigjorde. Arbeid med asbest krev derfor særskild kompetanse, verneutstyr og gode rutinar. Hyllestad Bygg utfører utvendig asbestsanering i samsvar med gjeldande krav og sørgjer for nødvendig melding til Arbeidstilsynet før arbeidet startar.
Dette kan vi hjelpe deg med
- fjerning og sanering av eternittak
- fjerning av asbesthaldige fasadeplater
- forsvarleg demontering og handtering
- klargjering for nytt tak eller ny fasade
- tømrararbeid etter sanering
- oppbygging og tekking av nytt tak
Asbestsanering i Hyllestad og omegn
Vi tek oppdrag innan asbestsanering i Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Høyanger, Solund, Gulen og Sunnfjord. Vi vurderer også oppdrag utanfor dette området.
Er du usikker på om taket eller fasaden inneheld asbest? Send oss gjerne bilete, så kan vi hjelpe deg med å vurdere kva som bør gjerast vidare.
Sanering og nytt tak frå same firma
Når eternittplatene er fjerna, kan Hyllestad Bygg ta jobben vidare. Vi kan kontrollere takkonstruksjonen, utføre nødvendige utbetringar og byggje opp nytt tak med undertak, sløyfer, lekter, taktekking og beslag.
Éin entreprenør frå sanering av det gamle taket til det nye taket er ferdig. Det gir mindre koordinering og ein enklare prosess for deg som kunde.
Treng du å få fjerna eternitt?
Send oss gjerne nokre bilete – det gjer det enklare for oss å vurdere omfanget og gi deg eit godt grunnlag for vidare pris og synfaring.