Bustad og tomter i Myklebustlia
Bygg draumeheimen med utsikt over Hyllestadfjorden
I Myklebustlia kan du bu moderne og landleg, med flott utsikt over Hyllestadfjorden og kort veg til Hyllestad sentrum. Her har vi både ein prosjektert bustad som er klar for realisering og to tomter der du står fritt til å velje hustype sjølv.
| Ferdig referansehus | Bustad klar for realisering | Bygg huset du sjølv ønskjer |
| Myklebustlia 38 | Myklebustlia 36B | To ledige tomter |
| Sjå kva vi har bygd | Rammeløyve + Husbanken | Vel hustype sjølv |
Myklebustlia 38 – ferdig bygd og innflytta
Denne bustaden viser kva som er mogleg å få til i Myklebustlia. Myklebustlia 38 er ein moderne einebustad i funkisstil på 185,5 m² BRA, levert av Hyllestad Bygg. Bustaden er utforma for å utnytte den flotte utsikta over Hyllestadfjorden og sleppe mykje naturleg lys inn i opphaldsromma.
Myklebustlia 36B – bustad klar for realisering


KLAR FOR REALISERING
✓ Rammeløyve på plass
✓ Førehandsgodkjent Husbankfinansiering
✓ Moglegheit for individuelle val
Husbankfinansieringa føreset at kontrakt er inngått innan 1. desember 2026.
Bustaden er planlagt med gode løysingar, høg standard og flott utsikt over Hyllestadfjorden. Her kan du få bygd ein moderne bustad utan å starte planlegginga frå grunnen av
Nokre av kvalitetane
- integrert garasje med elektrisk port og elbilladar
- vassboren golvvarme
- jordvarme
- balansert ventilasjon med varmegjenvinning
- hovudsoverom med eige bad og walk-in-garderobe
- moderne kjøkken med praktisk bod
- fleire soverom og fleksible opphaldsrom
- isolert utvendig sportsbod
- gode uteareal
- moglegheit for båtplass i båthamna
Det er framleis mogleg for kjøpar å vere med og påverke fargar, materialval og løysingar før byggestart.
Eg vil vite meir om Myklebustlia 36B
To ledige tomter – vel hustype sjølv
Ønskjer du heller å byggje eit heilt anna hus?
Vi har også to tomter lenger nede i Myklebustlia, der du ikkje er bunden til hustypen som er vist ovanfor.
Her kan du velje ein bustad som passar dine behov, ønskje og økonomi, og vi kan hjelpe med å finne ei god løysing tilpassa tomta.
Enten du ønskjer ein kompakt einebustad, eit hus på eitt plan eller ein større familiebustad, tek vi gjerne ein prat om moglegheitene. Vi kan også vurdere å slå saman tomt 79/68 og 79/69.
Utsikt frå Myklebustlia i Myklebustfeltet


Myklebustlia ligg fint til med utsikt over Hyllestadfjorden og gode solforhold. Her får du moglegheita til å byggje nytt i eit etablert bustadområde – anten med eit prosjekt som allereie er langt på veg planlagt, eller på ei tomt der du sjølv vel kva slags hus du ønskjer.
Interessert i bustad eller tomt i Myklebustlia?
Ta kontakt med oss for meir informasjon om Myklebustlia 36B, dei ledige tomtene eller moglegheitene for å byggje din eigen bustad.



