Nybygg og tilbygg
Hyllestad Bygg oppfører nybygg og tilbygg for private, næringsliv og offentlege kundar. Vi kan hjelpe deg gjennom heile byggeprosessen!
Dette kan vi hjelpe deg med
- einebustader og fritidsbustader
- tilbygg og påbygg
- garasjar, uthus og mindre bygg
- næringsbygg og andre mindre yrkesbygg
- ombygging og utviding av eksisterande bygg
- tak, veggar og komplette trekonstruksjonar
- koordinering med andre fag ved behov
Vi legg vekt på gode og praktiske løysingar, ryddig framdrift og godt handverk.
Har du planar om nybygg eller ønskjer meir plass med eit tilbygg, tek vi gjerne ein prat om prosjektet og ser på kva som kan vere ei god løysing.