Denne utsikta kan bli din!

Presentasjon av Myklebustfeltet på Hyllestad.info
Myklebustfeltet Hyllestad sentrum
Presentasjon av Myklebustlia 38 på Instagram
Myklebustlia 38
Prosjekt Myklebustlia 38
I Myklebustlia på adresse nr 38 er Hyllestad Bygg godt i gang med å bygge eit hus på 185,5 m2 i Funkisstil. Huset har innebygga garasje med elektrisk port, slik at ein kan gå tørrskodd ut i bilen. Det blir vannboren varme i alle golv og andre energismarte løysingar. Hovudsoverommet har eige bad og «walk in» garderobe. På grunnplan er det bad, vaskerom, gang, to soverom, og det eine soverommet har direkte utgang til hagen. Soveromma er også egna til å bli brukt som kjellarstove/TV-rom/leikerom/kontor. Det er også ein sportsbod på grunnplanet og ein bod i tilknytning til kjøkkenet i hovudetasjen.
Vi har lagt stor vekt på utsikt ut Hyllestadfjorden og mykje lys inn til kjøkken og stove.
Har du lyst å vite meir om prosjektet, sjå teikningar, ta gjerne kontakt på harald@hyllestadbygg.no eller mobil 99013060.