Tømrararbeid i Hyllestad og omegn
Hyllestad Bygg utfører tømraroppdrag for private, næringsliv og offentlege kundar.
Vi hjelper med alt frå utskifting av vindauge, dører, tak og kledning til ombygging, tilbygg og andre tømrararbeid. Vi tek både enkeltoppdrag og større prosjekt.
Dette kan vi hjelpe deg med
- takarbeid og utskifting av tak
- ytterkledning og etterisolering
- utskifting av vindauge og dører
- terrasse, altan og uteområde
- innvendige veggar, himling og golv
- garasjar, uthus og mindre bygg
- ombygging og tilpassing av eksisterande bygg
- andre tømraroppdrag
Skal du byggje nytt, byggje på eller rehabilitere?
Sjå også våre tenester innan Nybygg og tilbygg og Rehabilitering.
Tømrararbeid i Hyllestad og nærområdet
Vi har base i Hyllestad og tek tømraroppdrag i mellom anna Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Høyanger, Solund, Gulen og Sunnfjord.
Vi legg vekt på godt handverk, ryddig gjennomføring og løysingar tilpassa bygget og kunden sine behov.
Har du eit prosjekt du vurderer? Ta kontakt for ein uforpliktande prat og eventuell synfaring.
Sentral godkjenning og ansvar i byggeprosjekt
Hyllestad Bygg AS har sentral godkjenning som utførande for tømrararbeid og montering av trekonstruksjonar i tiltaksklasse 1.
For byggeprosjekt som ligg innanfor dette godkjenningsområdet kan vi erklære ansvarsrett som ansvarleg utførande for tømrararbeidet.
I mange prosjekt tek vi også ei aktiv rolle i gjennomføringa og fungerer som prosjektleiar i utføringsfasen, med oppfølging av framdrift og koordinering av arbeidet mellom dei ulike faga.